Tarjei Vesaas skreiv Det store spelet, Fuglane og Is-slottet, men han skreiv også Fars reise, Signalet og Brannen. Dei sistnemnde verka har ein viktig plass i denne boka. Artikkelsamlinga Varsel, venting, vandring. Vegar inn i Tarjei Vesaas' diktarlandskap tek for seg fleire av dei Vesaas-verka som har kome i skuggen av dei store bøkene, men som likevel fortener merksemd. Dei behandlar tema som den kollektive handlings.lamminga, menneske som kjempar mot destruktive krefter og oppleving av demoniserte tilstandar. Formspråket til Vesaas blir utforska, der påverknaden frå det tyske ekspresjonistiske teateret er tydeleg og der ein ser korleis diktaren skriv fram dramatiske .situasjonar som er absurde og skremmande. Dessutan viser artiklane kor sentral allegorien er i diktinga. Boka inneheld, i tillegg til ein oversynsartikkel, 10 ulike artiklar om 10 ulike verk - alle med kvar si teoretiske tilnærming. Slik får ein eit samansett bilete av tekstane, og ein får eit inntrykk av kor mangfaldige og utømmelege dei er. Lesarreaksjonar og kritikarreaksjonar blir også lagt vekt på. .Vesaas-teksten er open og inviterer til ulike lesingar. Dette fortel oss korleis litteratur kan bli vurdert frå ulike ståstader og perspektiv. Sveinung Nordstoga er dosent i norskdidaktikk ved Institutt for .lærarutdanningsfag, Høgskolen i Telemark. Han har publisert fleire bøker og artiklar om norskdidaktiske og litterære emne.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788270998333
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Novus
Vekt
352 gr
Høyde
230 mm
Bredde
155 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
230