Trur du at denne boka handlar om poststader og postruter ? eller frimerke og stempel? Å ja då - det gjer ho, men Arne Eriksen argumenterer for at dei posthistoriske spørsmåla går djupare enn som så. Dei har til dømes å gjera med den gamle kona i Hardanger som sjølv ville lesa breva frå sonen i Amerika. Difor måtte ho læra seg å lesa. Utan slik kunnskap var det uråd å delta aktivt og personleg i den nye postale fellesskapen som utvikla seg på 1800-talet. Dette er og historia om kva som skjer når ein godt vaksen frimerkesamlar tilfeldig snublar over ei øskje med gamle fuktskada brev. Ei øskje som syner seg å innehalda livet til smeden Ole Aga som døyde barnlaus i 1891. Du får også høyra om postopnaren som tok verdiposten med seg i senga, og om posthuset som låg på ei fjellhylle vest for Hardangerjøkulen, 1307 meter over havet. Ei bok for spesialistar på levd liv, lokalhistorie, samferdsle, brev og post, Hardanger og Noreg. Altså ei bok for alle.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788281630581
Publisert
2013
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kapabel
Vekt
1200 gr
Høyde
250 mm
Bredde
225 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
200

Forfatter

Relaterte produkter