Endre veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han skal vere som faren og fedrane før han. Som ung mann treffer han Abelone, giftar seg med henne og tek over garden. Framtida ser ljos ut - til Endre blir sjuk og sengeliggjande, og garden lyt seljast. Kven er han utan retten og plikta han er fødd til? Kva skal han no leve for? Det er då bøkene kjem, frå andre sida av havet, og tek Endre med ut i verda. Sigd er ei forteljing i dikts form om eit enkelt - men samstundes storslått - liv, om dei universa bøkene kan opne, og korleis ein mann som er bunden til senga, kan ta del i oppdagingar i land langt borte. Det er ei forteljing om ei tid som ikkje finst meir, men som likevel er til å kjenne att. Og det er kjærleikshistoria om Endre og Abelone - som til slutt må lage seg sitt heilt eige språk for igjen å kunne snakke saman.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788210058134
Publisert
2020
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil

Forfatter
Lest av

Relaterte produkter