Romanen "Sildbøtta" vart ein kritikar- og publikumssuksess da han utkom. Ungguten Teodor Skille bryt opp frå fiskarfamilien på Fosen for å starte på gymnaset i Trondheim på slutten av 1960-talet. Med seg på reisa har faren utstyrt sonen med ei bøtte spekesild. Den bøtta skaper forviklingar i møtet med byen og medelevane i klassen, men den symboliserer òg alt det Teodor ønsker å ta farvel med. Han vil erobra byen, bykulturen og bli ein annan. Han hamnar etter kvart i ei turbulent tid, kulturelt og politisk, som endar i den dramatiske EEC-kampen og folkerøystinga i 1972. Nære og vare episoder blir brote opp av burleske opptrinn, med Teodor og kjærasten Siri i sentrum.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788283240191
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Communicatio forl.
Vekt
238 gr
Høyde
185 mm
Bredde
115 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
267

Forfatter