Unn bur i ei lita bygd saman med mor si, Mummy Big, som elskar dottera si, men som ikkje kjem over sorga over faren, han som stakk sin veg då Unn var lita. Då Mummy Big vert sjuk og døyr, må Unn flytta til moster si, ei arbeidssam, stillfaren og mystisk kvinne. Den meir omgjengelege Siss kjem flyttande frå Sverige, og det veks fram eit vakkert vennskap mellom dei to jentene. Romanen fylgjer Siss og Unn gjennom ungdoms- og studietid, då forholdet deira etterkvart vert mørkt og vanskeleg: den eine blømer og den andre går til grunne. Med eit poetisk og ganske forrykt språk, går forfattaren i fri dialog med Tarjei Vesaas sin roman «Is-slottet». «Siss og Unn» fekk sølvmedaljen i Dag og Tid si kåring av Årets Beste Nynorskbok 2008, utan å vera nominert. Inger Bråtveit vart også nominert til Kritikerprisen for denne boka.
Les mer
I romanen møter vi Unn som mistar mora si, Mummy Big, i ung alder og må flytte til ei tante. Etter kvart blir ho kjent med den meir utadvende Siss som kjem flyttande til den litle bygda frå Sverige. Vi følgjer dei to venninnene gjennom ungdoms- og studietid. Forholdet deira blir etter kvart vanskeleg, dei utviklar seg i to retningar der den eine klarar seg og den andre går til grunne. Boka er skrevet i dialog med Tarjei Vesaas' roman Is-slottet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249505418
Publisert
2008
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Vekt
275 gr
Høyde
192 mm
Bredde
136 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
175

Forfatter