Etter ein periode på vegen gjennom fleire land orkar ikkje Markus Lantto meir. Han hoppar av frå reisefølgjet og tek inn på eit hotell. Herifrå reflekterer han over reisa han har vore på, og over far sin, som etter lengre tids sjukdom har gått bort. Mellom digresjonar, anekdotar og skrøner skriv Lantto fram fine minne om faren si siste levetid. Sjå han sykle inneheld betraktningar over det forgjengelege ved livet, presentert med varm humor og leiken forteljarkunst. Lanttos prosa er underhaldande, gripande og overraskande. Markus Lantto (f. 1973) arbeider som kunstnar og instrumentbyggjar i Trondheim. Han debuterte i 2014 med Bruken av gjedde.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter