Frå tidleg i 1970-åra markerte Sissel Solbjørg Bjugn seg med djupt originale og intellektuelt språkleikande tekstar. Det har knapt komme noko frå Bjugn si hand som ikkje er eigenarta, ja beintfram avstikkande. Ho eksperimenterte med montasjar, typografiske figurdikt og tekstar der ho uredd fletta inn sine eigne sofistikerte blyantteikningar. Ho blei ein fornyar av den norske surrealismen gjennom sprelsk og uhøgtideleg omgang med tradisjonell og modernistisk poesi. For debutsamlinga «Den første avisa på Lofotveggen» (1978) fekk ho Tarjei Vesaas' debutantpris. Bjugns tekstar er ofte eg-sentrerte, med markant intellektuelle drag og flittig bruk av ekte og mindre eksakte sitat og allusjonar - frå bibelske, litteraturteoretiske og filosofiske tekstar til slager- og rocketekstar. I denne boka er dei seks bøkene ho gav ut for vaksne, samla: Den første avisa på «Lofotveggen» (1978), «Spenn beltet kring livet og hald lampa tend!» (1981), «Den magre narsissisten» (1984), «Bye, bye» (1989), «Tornekysset» (1992) og «Depp» (1999). Forord ved Einar Økland.
Les mer
Innhold: Den første avisa på Lofotveggen ; Spenn beltet kring livet og hald lampa tend! ; Den magre narsisissten ; Bye, bye ; Tornekysset ; Depp. Forord av Einar Økland

Produktdetaljer

ISBN
9788252180862
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
984 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
464