Kvifor skal vi ha jordbruk i Noreg? I eit land av stein og fjell, kor regnet slåst med nordavinden, vi har blitt vane med fem veker ferie og ei lønsutbetaling som kjøper oss fri frå den strevsame vegen mellom jord og bord? Kvifor skal vi fø på bønder som produserer den dyraste maten i verda, når verda står i kø for å selje produkta sine til landet med alle oljepengane? Fordi alle må bidra med mat til ei veksande verd. Og fordi norsk jordbruk har potensial til å bli ikkje berre bra, men best - men då må det ei reell kursendring til. Alle vil ha norsk mat produsert på norske ressursar. Likevel vert matproduksjonen vår meir og meir basert på import. 70 år med vekst- og volumpolitikk har gitt oss eit svakt jordbruk med liten forankring i norsk jord. Norsk jordbrukspolitikk går i feil retning, men det er framleis mogleg å snu. Denne boka syner korleis det vi har i Noreg - fjell, gras og store variasjonar - gjev oss eit jordbruk som er både berekraftig, mettande, smakfullt og lønsamt. Korleis vi driv jordbruk i Noreg er ikkje berre eit spørsmål for bønder og byråkratar. Det er eit spørsmål for alle som bryr seg om kva mat vi et, korleis landet vårt skal sjå ut og kva rolle Noreg spelar i verda.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282651318
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Dreyers Forlag
Vekt
349 gr
Høyde
218 mm
Bredde
156 mm
Dybde
29 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
207

Forfatter

Relaterte produkter