Fattige Jim Hawkins får eit ekte skattekart mellom hendene. Det viser kvar den store gullskatten til sjørøvarkaptein Flint er skjult. Saman med vennene dokter Livesey og godseigar Trelawney, pluss den skumle John Silver, legg Jim ut på ei eventyrleg reise med skuta «Hispañola». Dei legg i veg for å finne Sjørøvarøya i Stillehavet og hente heim den skjulte skatten. Robert Louis Stevenson (1850-1894) frå Skottland skreiv ei rekkje bøker som blei kjende verda over, blant anna Dr. Jekyll og Mr. Hyde (1886). Mest kjend er han likevel for Skatten på Sjørøvarøya (1882), som er lesen av mange millionar barn verda over, og er like spennande i dag som då boka kom ut for meir enn hundre år sidan. Boka er omsett av Johannes Farestveit.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok