Folk i Skodje var bønder og fiskarar, men det var skogen som særmerkte Skodje og gav grendene her ein eigen identitet i eldre tid. Nærleiken til den skogfattige kysten gjorde at det fanst ein lett tilgjengeleg marknad både for tømmer, ved og tjøre, etter kvart også for tønner, kasser og andre handverksprodukt. Etter folketapet under svartedauden og påfølgjande pestepidemiar i seinmellomalderen opplevde Skodje ein makelaus vekst på 1500-talet og i første delen av 1600-talet. Jord vart lagd under plogen, gardar rydda, og grender vaks fram. Det var òg i denne perioden trelasteksporten knytte grendene i Skodje til internasjonale handelsnettverk. I spenninga mellom lokale føresetnader og ytre impulsar vart Skodje-samfunnet forma. Etter ein meir stabil periode i siste delen av 1600-talet og på 1700-talet skaut utviklinga på ny fart på 1800-talet, med folketalsauke, næringsutvikling og indre samfunnsvekst. Nærleiken til byen Ålesund skapte opningar for nye næringar, samstundes som den lokale samfunnsstyringa og kulturlivet fekk ei ny retning i møtet mellom bygdetradisjonar og allmenne straumdrag i samtida. Skodjesoga i to band vart mogleg etter at Skodje sogelag fekk testamentert ein arv etter Olav Løvold (1910-2004). Tidlegare Skodje kommune har bidratt økonomisk, slik at sogelaget kunne engasjere Historisk institutt ved Høgskulen i Volda til å ta på seg prosjektet. Faghistorikarane Eldar Høidal ved stiftinga Viti (tidlegare Musea på Sunnmøre) og Harald Johannes Krøvel ved Høgskulen i Volda fekk oppdraget med å skrive bygdesoga.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788283050820
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Museumsforlaget
Serie
Kultur- og bygdehistorie for Skodje
Vekt
1760 gr
Høyde
284 mm
Bredde
137 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
347

Relaterte produkter