Prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven er tilbake med ei ny diktsamling for barn. Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti inn i skogen den grøne? Korleis kan ei bjørk likne ei jente som prøver å riste vatn ut av håret? Og kva med skodda som kjem som huldrepust? Og elgen som flyt i det botnlause tjernet, søkk han heilt ned til Kina? Som i den Bragepris-nominerte diktsamlinga Eg er eg er eg er skriv Ruth Lillegraven med finkjensle for dei små detaljane. I Skogen den grøne følgjer vi eit barns undrande blikk på det som lever og hender i naturen rundt oss. Lillegraven tek den unge lesaren med inn i skogen - og inn i poesien. Boka er vakkert illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
6-9
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter