Fyndig humor og nøktern livsklokskap. Skogkyss er den femte diktsamlinga til Hans Sande, og nok ein gong viser Sande korleis han med ein heilt særeigen meisterskap skriv dikt der det skarpt observerte og det fritt fabulerande står som naturlege følgjesvener. Sande kan kunsten å boltre seg i språket! Skogkyss tek oss med inn i ei verd av mangfald og forundring. Her er sanselege naturskildringar og dikt med politisk brodd, frekke sleivspark og varme kjærleiksdikt. Her er rå og hjarteskjerande dikt om krig og overgrep, her er poetisk vemod om aldring og forfall og dauden som ventar. Hos Sande står den fyndige humoren og dei ville utfalla side om side med nøktern livsklokskap og ein djup respekt for oss menneske og alt det vi er og gjer, på godt og vondt. Bokmeldarane meiner: "Hans Sandes dikt rommar nok uberekneleg galskap og klokskap til at dei er verde å lese. Poetens vilje til å late seg føre langs språkets og livets vegar er kopla med ein blømande villskap som ikkje gjer poeten audmjuk og føyeleg, og som ikkje gjer dikta altfor veltilpassa i verda."Sindre Ekrheim, Dag og Tid
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205497047
Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Vekt
175 gr
Høyde
235 mm
Bredde
164 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
61

Forfatter

Relaterte produkter