Åttifemåring med glimt i auga og alvor i pennen. Arne Slåttå, Suldal, debuterer som romanforfattar åttifem år gammal. Med sju skarvne år på folkeskole for meir enn sytti år sidan og heile livet som gardbrukar og skogsmann, kjem Slåttå med sin første roman. Mange før han har i romanform skildra dei harde trettiåra og krigens gru. Men det er svært sjeldan å få innblikk i kva tankar og opplevingar ein heiltidsbonde har frå desse åra. Å vera bondeson midt i ein barneflokk på ti frå eit veglaust og einbølt bruk gir også ein interessant tilleggsdimensjon. Forteljinga skjer ein stad austpå, men hovudpersonane og tankemønsteret i boka kjem frå Vestlandet. Vi får eit interessant innblikk i livet på bygda frå ein som har levd nettopp der all sin dag. Boka er full av spenning frå første til siste side. Her er rikeleg både av intrigar og kjærleik, av gnagande fattigdom og rikdom i fritt fall. Men over det heile ligg ei fast overtyding om at Herren vernar og varar sine.
Les mer
Romanen gir innblikk i dei tankar og opplevingar ein heltidsbonde har frå dei harde trettiåra. Forteljinga skjer ein stad austpå, men hovudpersonane og tankemønsteret i boka kjem frå Vestlandet. Her er rikeleg både av intrigar og kjærleik, av gnagande fattigdom og rikdom i fritt fall. Og over det heile ligg ei fast overtyding om at Herren vernar og varar sine.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230003046
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kolofon
Vekt
361 gr
Høyde
210 mm
Bredde
150 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
265

Forfatter

Relaterte produkter