Er språket ein spegel, eit tårn eller kanskje ein kropp? «Bokmålsrettskrivinga er eit villnis», «Dialekten min er utvatna», «Samnorsk er ein graut», «Nynorsken døyr». Slik pratar me om språk. Me omtalar dialektar og skriftmål som vegetasjon, væsker, matretter og organismar - eller som instrument, byggverk, infrastruktur og kledeplagg. Men kvifor gjer me det? Og kva slags likskapar og skilnader er det mellom biletbruken til fagfolk, lekfolk, målfolk, riksmålsfolk og anna folk i den norske språkdebatten? Kristin Fridtun har saumfare artiklar, lesarbrev og kommentarfelt på jakt etter svar. Ho viser oss ei side av norsk språkdebatt som har vore lite kjend til no, og ho gjer det med stø hand og lun humor. Språket er ei bukse løyser låtten og set tankane i sving - samstundes.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252197891
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
534 gr
Høyde
211 mm
Bredde
135 mm
Dybde
35 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
401

Forfatter