Denne teaterteksten tek utgangspunkt i Handkes eiga familiehistorie knytt til Kärnten, der det tradisjonelt har vore mange slovenske innbyggjarar, som mor til Handke, og hennar familie. Stykket handlar om tida like før, under og like etter den andre verdskrigen, opplevde gjennom auga til eit oppveksande barn med slovensk mor og tysk far. Den austerrikske forfattaren Peter Handke blei fødd i 1942 i Kärnten i Austerrike. Handke er forfattar av over femti romanar, forteljingar, essayistisk prosa og dramatikk, og han blir av mange rekna som den viktigaste tyskspråklege nolevande forfattaren. Peter Handke har fått ei lang rekkje prisar og utmerkingar, seinast Den internasjonale Ibsenprisen i 2014, som han fekk for ein forfattarskap «eineståande i sin formelle venleik og i sine briljerande refleksjonar», slik juryen formulerte det, og der Handke blei kalla for den «mest eminente episke poeten» innanfor teaterdiktinga.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252188240
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
164 gr
Høyde
188 mm
Bredde
115 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
142

Forfatter
Oversetter

Relaterte produkter