Stølane og stølslivet har i hundrevis av år vore avgjerande for gardane i Førde. Denne boka presenterer alle dei 112 stølane, og for første gong får du sjå heile kommunen - som strekkjer seg frå fjorden til breen - mellom to permar. Dette er ein grundig og unik dokumentasjon av livet på stølane på 1800-/1900-talet i tekst og bilete, fortald av dei som sjølv opplevde det. Dei minnest ansvar og slit, men òg mykje glede, samhald, dramatikk og litt romantikk. Boka er illustrert med fleire hundre gamle og nyare foto, og i tillegg er heile kommunen flyfotografert med stølar og gardar innteikna. Boka er ein god vegvisar til å forstå og oppleve det mangfaldige stølslandskapet i Førde. Tolv fagartiklar gjev nye opplysningar og set forhold kring stølinga inn i ein vidare samanheng, både tidsmessig og geografisk. «Stølane i Førde» har i stor grad lokalt fokus, men boka har opplysningar og perspektiv som er interessante for langt vidare område.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282400909
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag AS
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
608