Biografien til garden Vesås i fjellbygda Vinje er mykje meir enn ei gards- og slektshistorie. I «Store spel» skildrar Arne Vinje verda gjennom garden. Han fortel om særprega personar, tragiske lagnader, handverk, kunst og sterke tradisjonar, men også om korleis garden og bygda gradvis blir del av større politiske og økonomiske samanhengar og løyste frå sine opphavelege føresetnader. Garden Vesås har ein plass i norsk litteraturhistorie fordi Tarjei Vesaas voks opp der, og garden viser att i forfattarskapen hans. Boka om Vesås granskar korleis denne garden kunne fostre ein av dei fremste norske forfattarane i det førre hundreåret, korleis ein åndeleg gigant som Aasmund Olavsson Vinje kunne vekse fram i den same bygda og kvifor folkekulturen blømde så rikt i eit materielt fattig samfunn. Grunntemaet er korleis folk tek i bruk eigne ressursar, formar omgjevnadene sine, og korleis dei sjølve blir forma av den naturen dei er del av - vekselspelet som Tarjei Vesaas kalla «det store spelet».
Les mer
Boka er historie og litteraturhistorie, samtidsskildring og framtidsbilete, og det mangslungne er i tråd med ideala frå sjølvbergingskulturen på garden.

Produktdetaljer

ISBN
9788279593041
Publisert
2020
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
1002 gr
Høyde
246 mm
Bredde
177 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
331

Forfatter