Kva er du når du er håttalaus? Kva er den største øya på strilelandet? Og kjem kjendisstylisten Jan Thomas frå Storebø eller Litlelindås? I.Strilequiz - spørjebok for strilar og anna godtfolk.finn du svara. Dei over 600 spørsmåla i boka utfordrar deg på ord og uttrykk, geografi, historie, litteratur, mat, kristenliv og Melodi Grand Prix - for å nemne noko. Boka er i tillegg krydra med sitat om og av strilar, og observante vegfarande får testa ut lokalkunnskapen på biletspørsmåla i boka. Quiz-general Jan Arild Breistein, redaktør Trine Eilertsen og stortingsrepresentant Helge André Njåstad, alle med røter på strilelandet, stiller også med eigne quizbolkar. God strilequiz! Kari Fauskanger er ekte stril. Ho er fødd på Askøy, gjorde unna barneåra i Fusa, men hadde ungdomstida på Askøy. Ho er gift med ein Arna-stril og har familie i fleire strilekommunar. Ho har jobba som kulturjournalist i Bergens Tidende og har farta mykje rundt på strilelandet. I BT var ho ein flittig quizleverandør både til papir-.og nettutgåver. Kari Fauskanger er utdanna bibliotekar.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788241913785
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad Bjørke
Vekt
311 gr
Høyde
193 mm
Bredde
126 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
210