Sunnfjordingen - som embetsmann, bonde og husmann - er tema for denne boka med tekstar av og om Nikka Vonen og Ole W. Fasting. Boka fortel levande om daglegliv, arbeidsliv, levekår og folkeliv i Sunnfjord i siste halvdel av 1800-talet. Vi høyrer om spelemenn, bryllaup og festlege lag, men òg om den religiøse sunnfjordingen med tolsam innstilling til tilværet. Her møter vi høg og låg, gamle og unge, med skjemt og alvor. Alle folkelivsskildringane er på sunnfjordmål. Nikka Vonen (1836-1933) frå Fjaler var folkeminnesamlar, målkvinne, fjellvandrar og ikkje minst, ho grunnla og dreiv ein av dei mest kjende privatskulane for jenter i si tid, "Pigeinstituttet" i Dale. Ole Wilhelm Fasting (1852-1915) var fødd i Jølster og voks opp i Førde. Han budde mykje av livet i Bergen, men var stadig tilbake i Sunnfjord på jakt, fiske eller for å samle gode historier. Han skreiv fleire bøker som viser inngåande kjennskap til Sunnfjord og sunnfjordingen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282400954
Publisert
2015
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Vekt
420 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
135

Forfatter