Gud var i godlage då han skapte Sunnhordland, fastslo Ivar Eskeland. Eit mykje nytta sitat til bruk for oss som er glade i nettopp Sunnhordland. Som tåler ei ferjereise, sjølv om det vert færre av dei. Som tåler å vera stolte av regionen me bur i, med sitt mangfald av næringsliv, sitt rike kulturliv, sine festivalar og sitt friluftsliv. 31. mai 2013 la fire sunnhordlendingar ut på ei reise. Med opplada mobil, nykvessa blyant, notatbok og fotoapperat reiste dei rundt i dei åtte kommunane som enno utgjer Sunnhordland. Dei kunne valt heilt annleis den 31. mai 2013. Målet var like mange stopp i kvar av dei åtte kommunane i regionen. Ulike som dei er. Like fullt med mange felles trekk. Dette er historia om 31. mai 2013, om noko av det som hendte dette døgnet, om verksemder dei vitja og folk dei møtte. Mangfaldige Sunnhordland. Her er så mykje å velja i.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788281630604
Publisert
2013
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kapabel
Vekt
814 gr
Høyde
240 mm
Bredde
220 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet