Det var ein gong ei teaterglad kvinne som kom til ei lita øy i havgapet, til eit samfunn der teater av mange var rekna som synd. Kvinna fekk folk med seg, eit teaterlag vart skipa. Repertoaret var snilt og finsleg, og etter kvart vart kommunehussalen fylt med publikum, som smilte, lo og klappa. Eit skikkeleg teatereventyr! Her er det skapt mykje godt teater, to store sogespel har sett dagens lys - og med tida vart det framført verdskjende musikalar. Eventyret handlar også om dugnad, om folk som har brukt store delar av livet sitt i Bømloteateret, Bømlo Musikallaug og sidan 2011 i Bømlo Teater. Dette er eventyret om ein arena der barn og vaksne jobbar dugnad i lag, i ulike framsyningar, i sogespel, i musikalar. Eit eventyr om ein sosial møteplass der folk bryr seg om kvarandre, der vennskap blir knytte, og der samvær og gode opplevingar blir minne for livet. Snipp, snapp, snute? Nei, dette eventyret er ikkje ute!
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788299897457
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Bømlobok.no
Vekt
1000 gr
Høyde
270 mm
Bredde
240 mm
Dybde
26 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
240

Forfatter

Relaterte produkter