Forfattarane skriv ei filosofihistorie for den vidaregåande skulen etter den nye læreplanen i filosofi som er gjort gjeldande frå juli 1998. Boka representerer ein freistnad på å kombinere den tradisjonelle filosofihistorisk orienterte undervisninga med ein framtillingsmåte som legg meir vekt på dei systematiske sidene ved filosofien. Dette inneber at faget vert inndelt i emneområde (etikk, estetikk, epistemologi, logikk, vitskapsfilosofi) der dei ulike områda vert definerte med utgangspunkt i deira særeigne problem. På denne måten ynskjer forfattarane å setje dei filosofiske problema i sentrum for faget, og særleg slike filosofiske problem som har relevans i vår tid. i samsvar med den nye læreplanen vil forfattarane også legge større vekt på ikkje-vestlege filosofiske straumdrag enn det som har vore tilfellet tidligare. Boka vil passe godt til prosjekt- og gruppearbeid. Hermod Slaatelid har vore lektor ved Voss Gymnas. Han har røynsle frå undervisning i filosofi både i den vidaregåande skulen og til førebuande prøver ved universitetet. Han har tidlegare skrive «Filosofi for den vidaregåande skulen» (1976) i samarbeid med Gunnar Skirbekk. Slaattelid har omsett ei rekkje bøker om romersk retorikk og filosofi frå latin til norsk (Cicero, Tacitus, Quintillian) og har nyleg (1998) omsett Augustins «De doctrina christiana» norsk. Rasmus T. Slaattelid arbeider på ei doktoravhandling i filosofi og har røynsle frå undervisning til examen philosophicum og i livssyn og etikk. Han arbeider for tida som medredaktør av ei gresk-norsk filosofisk ordbok og har ellers skrive om vitskapsfilosofiske emne. Han har og omsett M. M. Bakhtin til norsk.
Les mer
Boken gir leseren en opplevelse av at Platon, Aristoteles, Augustin, Kant og andre eldre filosofer også er filosofer for vår tid. De stiller spørsmål som angår oss, og som stimulerer til ettertanke og opposisjon like mye i dag som i deres egen samtid. Forfatteren har tatt med en del biografisk stoff om livet til filosofene. Boken dekker målene og hovedmomentene i læreplanen for nasjonale valgfag filosofi i den videregående skolen. Boken kan også være en introduksjon til filosofilesning for andre. Denne boken bygger på "Filosofi for den videregående skolen" (1976). Har oppgaver og register.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788276744880
Publisert
2001
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
608 gr
Høyde
240 mm
Bredde
171 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
318