Denne boka spør korleis trua som vert gitt i dåpen kan praktiserast og korleis svaret på det spørsmålet kan vera med å utvikla ein teologi for kristent ungdomsarbeid i vår tid. Forfattaren av boka hevdar at kristent ungdomsarbeid lever av ein teologi som alltid vender tilbake til dåpen, truslivets navle. Som alltid leitar etter å gjenoppdaga det store underet: At vi er fødde til å leva eit nytt liv i Kristus, eit liv forma av praksisar som gir oss del i det Gud vil gi oss: «Derfor skulle alle holde dåpen for å være en kledning som han går med hver dag. Han skulle alltid ha den på seg, så han kan leve i troen og dens frukter, dempe det gamle menneske og vokse i det nye menneske. For hvis vi vil være kristne, så må vi praktisere den gjerning som har gjort oss til kristne.» - Martin Luther i innleiinga til dåpen i Den Store Katekisma (1529) Bård Eirik Hallesby Norheim (født 1973) er prest og arbeider som stipendiat i praktisk teologi ved det teologiske Menighetsfakultet (MF) i Oslo. Norheim har arbeidd som barne- og ungdomsprest på Nordstrand i Oslo og vore misjonær i Estland, der han særleg arbeidde med ungdom. Norheim har også skrive artiklar og bøker om temaet ungdom og kyrkje.
Les mer
Korleis kan trua som vert gitt i dåpen praktiserast? Svaret på spørsmålet kan vera med å utvikla ein teologi for kristent ungdomsarbeid. Forfattaren hevdar at slikt arbeid lever av ein teologi som alltid vender tilbake til dåpen; sjølve utgangspunktet for truslivet. Har litteraturliste og register.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788251923255
Publisert
2008
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Tapir akademisk forlag
Vekt
610 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
318