Middelalderforskaren Werner Holck sit på Universitetsbiblioteket for sjuande år på rad idet han ein vår-dag får augo opp for ei ung kvinne som kjem inn på lesesalen. Slik vert han òg merksam på ein av dei andre lesesalsslitarane, presten Paul Winther, og han vert eit vitne til ein del av kjærleikshistorien mellom kvinna og presten. Samtundes gjer møtet med dei at Holck sjølv vert trukken tilbake til livet utanfor bøkene. Det fører han blant anna frå hovedstaden til ei øy på Vestlandet, og inn i krinsen rundt dei to Bergmann-karane, skodespelaren Johannes og spekulanten Tom, kjende frå tidlegare romanar av Edvard Hoem. "Tid for klage, tid for dans" er ein bred og frodig samtidskrønike, med plass til refleksjonar kring teologiske og filosofiske spørsmål, såvel som til naturskildringar og dramatiske opptrinn og skifte. Werner Holck er kronikøren som ser livets spel, anten det er i historia, blant menneska rundt seg eller på teaterscenen der Beckett får siste ord i denne romanen, som kan hende er blant dei beste Edvard Hoem har skrive.
Les mer
Middelalderforskaren Werner Holck sit på Universitetsbiblioteket for sjuande året på rad då han vert merksam på ei ung kvinne som har eit kjærleiksforhold til presten Paul Winther, ein annan lesesalslitar. Møtet med desse to gjer at Holck sjølv blir trukken tilbake til livet utanfor bøkene. Dette fører han bl.a. til ei øy på Vestlandet og inn i krinsen rundt dei to Bergmann-karane, skodelspelaren Johannes og spekulanten Tom, kjende frå tidlegare romanar av Hoem.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788270946501
Publisert
1996
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Vekt
474 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
398

Forfatter

Relaterte produkter