Tjugum kyrkje ligg vakkert til ved Sognefjorden, med utsyn over Esefjorden til Holmen, kommunesenteret i Balestrand. Det særmerkte, åttekanta kyrkjebygget ligg lunt til mellom høge, vakre tre. Biletkunstnarar og fotografar har blitt fascinerte av lyset over fjorden. Lyset er også eit bilete på gudstru og folkeopplysning i Balestrand. Balestrand prestegjeld vart oppretta i 1849, same året som Balestrand vart eigen kommune. Første prest og ordførar var Harald Ulrich Sverdrup, som fekk bygd den nye Tjugum kyrkje i 1863, teikna av den kjende arkitekten Chr. H. Grosch. Denne jubileumsboka har eit svært variert innhald, både når det gjeld historia til kyrkjene på Tjugum og det pulserande kyrkjelydsarbeidet i Balestrand heilt fram til vår tid. Boka er rikt utstyrt med over 300 gamle og nye foto og andre illustrasjonar.
Les mer
Forord av Margot Ryssdal, Erland Fagermoen og Helge Eilifsen

Produktdetaljer

ISBN
9788282400701
Publisert
2013
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag AS
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
272

Redaktør