I 1814 var gleda stor i Noreg over at all sensur var avskaffa og trykkefridom garantert ved § 100 i Grunnlova: «Trykkefrihed bør finde Sted.» Men kor stor var den trykkefridommen Grunnlova innførte, og korleis vart den praktisert ved domstolane i åra etter 1814? I denne boka blir kjeldene som kan gi oss svaret på dette, for første gong grundig gjennomgått. Eit omfattande og hittil ubrukt kjeldemateriale gir oss eit nytt bilde av kvar grensene for trykkefridommen gjekk i første halvdel av 1800-talet, og korleis folk brukte den nye fridommen - på godt og vondt. Kjeldegjennomgangen fører òg fram til ei erkjenning av at den historiske og rettshistoriske faglitteraturen på området gjennom ei rekke følgjefeil har bygd resonnementa sine på sviktande kjeldegrunnlag.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788215046853
Publisert
2021
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Universitetsforlaget
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
35 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
582

Forfatter