Ein dag Alf er i skogen føler han seg overvakt. Han trur det kan ha noko med den forsvunne mora å gjere, og Alf blir dratt inn i mystiske hendingar. Er det draum eller røyndom det han opplever? Er det mora eller nokon andre som spionerer på han, og kvifor skal det komme ein veg oppå fjellet der det kanskje bur huldrer og haugfolk? Ulvestova er ei svært spennande bok for dei frå 10 år. Atle Hansen (f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen er særlig kjend for spenningsbøker for barn og unge, som Det kvite pulveret, Den svarte oksen og Flukt. Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2016
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter