Sidan 1970-åra har kunstnaren Oddvar Torsheim alltid hatt ei skisseblokk med seg, anten han er heime, ute på dei daglege spaserturane sine, i butikken eller på reise. I desse noterer han flittig innfall, små tekstar og skisser som seinare kan bli kunstverk. Skisseblokkene, til saman over 400, har han tatt vare på. No har Torsheim gått gjennom dette rikhaldige materialet saman med bokdesignar Silje Nes. Fleire tusen sider har blitt komprimert til ei samling skisser, der du vil dra kjensel på nokre som kjende verk, medan andre syner meir ukjende sider ved den mangfaldige og folkekjære multikunstnaren Oddvar Torsheim. Ulyzes presenterer kunstnaren sitt ville samansurium av tankar og idear i teikningar og strek, men også gjennom ei lengre samtale med Torsheim sin gode ven Jon Fosse. Dei to kunstnarsjelene møtes ei langhelg i Austerrike for å veksle ord om livet, døden, kyrkja og kemnaren, og lesaren kjem tett på dei to i denne personlege praten.
Les mer
Forord av: Silje Nes
Boken gir et interessant innblikk i tanker, fyndord, ideer og skisser forut for ferdige bilder.

Produktdetaljer

ISBN
9788279592266
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Høyde
240 mm
Bredde
215 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
373