Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid Bokserien Gull, gråstein og grums kjem her med fjerde og siste bind. Mens dei tre første binda har konsentrert seg om mineralutvinning i Noreg, ser denne boka på den internasjonale mineralverksemda, med glimt frå gruvedrifta i nokre utvalde land, og forholdet mellom desse og Noreg. Dei fleste rike mineralressursar er allereie historie, og det blir drive på stadig fat- tigare malm og produsert stadig meir avgang. Gruvene legg beslag på stadig større område og forureinar stadig meir. Boka er eit forsøk på å bidra til svar på spørsmål som: - Korleis vi har kome i denne situasjonen? - Kven tener på å auke gruvedrifta? - Kven betalar rekninga for dagens mineralutvinning? - Kva krefter fremmer auka gruvedrift og kva krefter forsøker å bremse denne? - Kan dette halde fram samtidig som befolkninga i verda veks og treng meir areal for matproduksjon? - Fører «det grøne skiftet» til mindre eller meir gruvedrift? - Kva er løysinga? Gruver på havbotn, gjenvinning eller redusert forbruk? - «Grøne gruver» - Kva er det og er det mogleg?
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788232901807
Publisert
2020
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Davvi girji
Serie
Gull, gråstein og grums : eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid
Vekt
634 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
332

Forfatter

Relaterte produkter