Fram til midten av 1800-talet var gardsskipnaden i delar av Noreg prega av at gardsbruka låg i ei omfattande teigblanding. Samstundes var det slik at ein gjerne budde i store fellestun, som likna på landsbyar. Utskiftingslovene på 1800-talet hadde som mål å løyse opp denne gardsskipnaden, til fordel for konsoliderte innmarksareal og individualiserte tun for kvar bondefamilie. Langnes tek føre seg tre ulike landslutar, og viser at medan det var teigblanding og store fellestun i Romsdal og Hardanger, var det ein lang meir individualisert gardsskipnad i Nord-Gudbrandsdal. Dette gjorde at utskiftingslovene medførte eit heilt omskifte i dei to vestlandsområda, medan Nord-Gudbrandsdal vart mest urørt av reforma. Langnes forklarar korleis utskiftingsretten frå 1800-talet var med på å skape eigedomsformene, kulturlandskapet og bygdemiljøa ein kjenner frå 1900-talet og fram til i dag. Der det vart gjennomført innmarksutskiftingar, er det desse som har fastlagt grensene og tunløysingane som i mange høve framleis er gjeldande mellom norske gardsbruk. Granskingane av rettshistoria og dei norske utskiftingsreformene er difor eit viktig grunnlag for kunnskap om tidlegare gardsskipnad, og dei norske bygdene og gardane i dag.
Les mer
Bearbeidet utgave av forfatterens avhandling (ph.d.) - Universitetet i Bergen, 2015

Produktdetaljer

ISBN
9788270999170
Publisert
2018
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Novus
Serie
Instituttet for sammenlignende kulturforskning, Serie B, skrifter
Vekt
1397 gr
Høyde
247 mm
Bredde
177 mm
Dybde
38 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
531

Forfatter