I boka følgjer vi Trille og Lena gjennom liv og vaffelrøre i eit heilt år. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira, der dei lagar taubane mellom husa, leikar andre verdskrig og opptrer som gatemusikantar. Då er det bra dei har slike som farfar og tante-farmor til å ordne opp. Men kva om det skjer noko som ingen kan ordne opp i? Morosamt og lett skriv Maria Parr om glede og alvor, venskap og sorg og om lengten etter å vite heilt sikkert at den du er glad i er like glad i deg. Hjartevarmande! «Kjærligheten til barndom og oppvekstmiljø gir boken en helt egen varme.» Guri Fjeldberg, Bergens Tidende «Maria Parr er som ei kraftig plante skoten opp av ei frodig, vestlandsk li. Det er noko livat og energisk over måten ho skriv på, som grip tak i oss.» Marianne Lystrup, Vårt Land
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave. Feil utgaveopplysning i kolofonen: 3. utgåva

Produktdetaljer

Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Serie
Trille og Lena
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter
Illustratør