Vandraren er eit tett og intenst psykologisk drama, ein vestlandsblues om ein ung og stolt fiskar på jag etter fastare grunn under beina. Vandraren er Arne Mos sjette bok så langt. Even Angelskår drog til New Orleans for å finne den ekte, opphavlege bluesen, melankoliens kjelde. Han fann den, brått og brutalt, i eit dunkelt smug ved Bourbon Street. Ei sterk og uhyggeleg oppleving, til slepande blåtonar frå ein saxofon i det fjerne. Hendinga blir med han på flukta vidare, heim til den trygge Sølvfjorden, der han med saxen i hælane etter kvart går seg grundig vill i si eiga indre villmark.
Les mer
Den unge fiskaren Even Angelskår vender tilbake til heimbygda Sølvfjorden etter eit opphald i New Orleans. Målet med reisa var å høre ekte blues, men i ei bakgate ved Bourbon Street blei han brutalt slått ned. No slit Even med reaksjonar på denne hendinga. Han er alkoholisert, plaga med migrene, og blir ikkje kvitt lyden av saksofonen som spelar inni hovudet.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252169249
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
263 gr
Høyde
211 mm
Bredde
136 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
142

Forfatter

Relaterte produkter