Historia om norske tunnelar er ei forteljing om modernisering av landet fram mot vår tid. I denne boka ser vi nærare på historia til sju tunnelar som har forandra kvardagen til folk. Den første er Gravhalsen på Bergensbana, som var ein ingeniørteknisk sensasjon i samtida. Den andre, Spiralen i Drammen, svingar omkring sin eigen akse sju vender oppover i fjellet. Vardøtunnelen i Finnmark er landets første undersjøiske. Fløyfjellstunnelen i Bergen er med fordi dette var første gong ein brukte tunnelboremaskin for veg, og ikkje dynamitt. Så er det Ofredalstunnelen i Sogn som blei verdas brattaste etter ein planleggingstabbe. Og Romeriksporten, ein samanhengande skandale frå start til slutt, men som likevel er blitt ein suksess for flytoget i vår tid. Den siste på lista er Lærdalstunnelen som blei verdas lengste biltunnel etter ein hestehandel i Stortinget.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401586
Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Vekt
510 gr
Høyde
230 mm
Bredde
155 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
143

Forfatter