Sommaren 1862,150 år før denne boka kjem ut, reiste Henrik Ibsen på samlarferd til Sunnmøre for å samle segner og anna folkeminne. Før han reiste var livet svært vanskeleg: han var nedsylta i gjeld, teatret gjekk mot konkurs, han mista arbeid og inntekt, han fekk ikkje det litterære arbeidet unna, han hadde alkoholproblem og helseproblem, og familien hadde til tider for lite mat. Denne boka skildrar Ibsens liv før samlarferda, fortel om opplevingane hans på Sunnmøre og argumenterer med at den 6-7 veker lange reisa vart eit vendepunkt for den store diktaren. Han samla segner og lokalhistorisk stoff, fann tema og rollemodellar han seinare brukte i stykka sine, og fekk inspirasjon til diktarvegen vidare. Forfattaren har funne mange spor frå Sunnmørsturen i dei verka Ibsen skreiv etter reisa. Sjølv ivrige lesarar av Ibsenbiografiar vil finne nye opplysingar om Ibsen i denne boka. Dessutan er det medteke mykje lokalhistorie frå Sunnmøre.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282400541
Publisert
2012
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
256

Forfatter

Relaterte produkter