Kystsamfunnet Flora har ei historie etter andre verdskrigen like vekslande som vestlandsvêret. Storm har avløyst stille, men mørke skyer har atter måtta vike for sola. Silda blei borte etter dei gylne åra 1948-57, men Ankerløkken bygde seg opp som det store industrilokomotivet i Sunnfjord. Skipsbyggingsindustrien sleit etter kvart i tung motvind, men oljealderen gjorde sitt inntog og skapte nye arbeidsplassar. Fiskarane blei færre, men det vart mange fleire av den tamme laksen som sumde omkring i merdar. Historia om Flora bind 3 tek for seg perioden frå 1945 til 2017 og dei store endringane byen og omlandet har gått gjennom i denne perioden. Nye velferdstiltak og ny teknologi har sett sitt preg på dagleglivet i Flora, og renessansen for kystkulturen har skapt høgare kulturelt sjølvmedvit. Samtidig har strukturen i næringslivet gjort folket her meir utsette for økonomiske svingingar enn mange andre stader. Boka følgjer Florasamfunnet både i oppgangstider og på nedturar. Ho er rikt illustrert.
Les mer
Utgitt i samarbeid med Flora kommune

Produktdetaljer

ISBN
9788282401265
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Serie
Historia om Flora
Vekt
1450 gr
Høyde
286 mm
Bredde
225 mm
Dybde
22 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
293

Forfatter