Etter eit hektisk tiår i hovudstaden tar Agnes Ravatn mann og baby med seg frå Frogner og flyttar til den vesle vestlandsbygda Valevåg for å roe ned nokre hakk i permisjonstida. I eit nedfalls småbruk utan internett, omkransa av skog, fjell og sauer, milevis unna kulturandedammen i hovudstaden, snirklar dagane seg sakte forbi for den vesle familien. Kveldane går med til å drikke vin og samtale med den næraste naboen: vennen og forfattarkollegaen Einar Økland. Verda er ein skandale er stasjonære reisebrev frå eit halvår på bygda som tok ei uventa vending - og handlar om lykke, skriving, det enkle livet og jakta på det perfekte knekkebrødet. Tekstane er lett omarbeidde versjonar av essay som har stått på trykk i Dag og Tid.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252195286
Publisert
2018
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
110 gr
Høyde
204 mm
Bredde
128 mm
Dybde
4 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
94

Forfatter