Eit forfattarsenter skal opnast til det store Vesaas-jubileet i Vinje i 2017. Som ekspert på forfattarskapen er Jon invitert til å vere med å forme korleis det heile skal sjå ut. Men i arbeidsgruppa er motsetnadene sterke. For kva skal dette senteret eigentleg vere? Ein stad som ærer litteraturen og historia, eller ein som tilpassar seg den moderne opplevingsindustrien? Tre år tidlegare har Jon leigd eit hus i Vinje for å skrive ein ny biografi om Tarjei Vesaas. Forlagskontrakten er underskriven, bøkene lese, arkiva saumfarne. Men Jon får ikkje til å skrive. Som eit forsøk på å finne inspirasjon blar han opp i Vesaas-bøkene han har arva etter farfaren, som lenge har lege urørte i nokre pappesker i kjellaren. I staden for å få auge på ein forfattarskap i utvikling, får han eit overraskande blikk inn i eit skjult kapittel i historia til sin eigen familie. Kvifor les vi romanar? Og korleis lever dei vidare i oss? Vesaas er ein original og tankevekkande roman om Tarjei Vesaas, om bøkene og lesarane hans.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788210056093
Publisert
2017
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Tiden
Vekt
375 gr
Høyde
213 mm
Bredde
139 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
249

Forfatter

Relaterte produkter