VESTLANDETS HISTORIE er den første verkelege landsdelshistoria som blir gitt ut i Noreg. I tre bind tek verket for seg samanbindande tilhøve og samhandling i landsdelen gjennom tidene, men òg motkrefter i form av lokale ulikskapar og spenningar. Vestlandet blir sett både innanfrå og utanfrå i forhold til resten av landet og ei større omverd. Det første bindet, NATUR OG NÆRING, handlar om samspelet mellom naturvilkår og næringsdrift i landsdelen gjennom tidene. Sjøvendinga frå første stund med fiske og fangst, etter kvart sjøfart, og i nyaste tid havbruk og olje- og gassutvinning har heile tida vore sterk, også etter at mykje av samferdsla er flytta over til land og luft. Likevel var landbruket hovudnæringa gjennom tre fire tusenår fram til 1800-talet. Frå midten av dette hundreåret slo industrien rot, og Vestlandet er i dag industrilandsdelen i Noreg. I sysselsetjinga dominerer likevel no offentleg og privat tenesteyting. Alle bestillinger av verket via nettbutikken leveres portofritt!
Les mer
Dette bindet om natur og næring handlar om samspelet mellom naturvilkår og næringsdrift i landsdelen. Sjøvendinga, frå første stund med fiske og fangst, etter kvart sjøfart, og i nyare tid havbruk og olje- og gassutvinning, har alltid vore sterk, selv etter at mykje av samferdsla er flytta over til land og luft. Gjennom nesten fire tusen år var landbruket hovednæringa, fram til 1800-talet då industrien slo rot. I dag er Vestlandet industrilandsdelen i Noreg. Har litteraturliste og namne- og stikkordregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788241904011
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad Bjørke
Vekt
1819 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
359

Relaterte produkter