Boka tek lesaren med på ei reise i tid, der forlis og ulykker står i sentrum. Les om storm og uvêr, framande skip som kom drivande inn frå havet, døde skipsmannskap, kannibalisme, grunnstøytingar og drukning. Og den sterke gleda over å berge nokon frå den sikre død. Siste del av boka følgjer nokre av emigrantane til Russland, Nord- og Sør-Amerika. Les om folket som reiste ut i ei stor og ukjend verd og deira kamp mot indianarane, grashoppesvermar og Stalin. Rikhaldig fotomateriale i svart/kvitt og fargar. Både norske og engelske fototekstar, dessutan engelske "summaries" til kvart kapittel. Meir informasjon og presseomtale på www.stromgren.no/publishing.
Les mer
Handel har ført skip frå framande nasjonar til norskekysten dei siste tusen åra. Boka tek føre seg forlis i området rundt Batalden, frå 1700-talet og fram til i dag. Batalden-samfunnet er kopla til ulike delar av verda både via forlis og emigrasjon. Siste del av boka tek føre seg utvandringa til Russland, Nord- og Sør-Amerika. Inneheld norske og engelske fototekstar, og engelske samandrag til kvart kapittel. Har litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788292616055
Publisert
2008
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Stromgren Publ.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
176

Forfatter

Relaterte produkter