Vinterhjerte er ein roman om å miste nokon, for så å miste seg sjølv. Det er også ein erotisk roman, ein roman om å sjå og bli sett. Liv og Endre bur på ei vintervakker øy i Nord Noreg med dei to barna sine. Ein dag rygger Endre over dotter deira Marte og livet vert aldri det same. Liv kan ikkje tilgje Endre og flyktar inn i eit erotisk forhold til mannens bestekamerat, Egil. Liv si søster, Lea, bur i etasjen over og ser alt. Ho nyttar høvet til å kome nærmare Endre. Den dempa lyden av galopperande hestehovar mot hardpakka snø og øksa som høgg inne i skogen, dannar det pulserande lydsporet i denne medrivande forteljinga om sorg og kjærleik.
Les mer
Liv og Endre har to barn og bur på ei øy nord i landet. I ei tragisk ulykke kjører Endre over dottera Marte. Den hendinga klarer ikkje Liv å tilgje han, og innleiar etter kvart eit forhold til bestevenen hans. Dette er ein roman om tap og det å miste seg sjølv, om sorg, erotikk og kjærleik.
Les mer
"Det stemmer. Det er i det hele tatt mye som stemmer i denne korte romanen. Den treffer sorgen på hjemmebane, den er til stede, sannferdig, troverdig. Og ikke minst inspirerer den til tanker om hva kjærligheten bør tåle. (...) Jeg er glad for at vi får bøker som denne." Kjell-Richard von Wachenfeldt, Vårt Land
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202286699
Publisert
2008
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Vekt
274 gr
Høyde
212 mm
Bredde
137 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
148

Forfatter