Han var livlaus og vart lagd til sides då han vart fødd. Tvillingbroren som kom etter, såg endå meir død ut enn den første, som derfor vart teken fram att, massert og klapsa i baken av jordmora. Det vart Per Sivle. Han voks opp i tre ulike fosterheimar, var svært skuleflink og vart etter kvart også svært produktiv. I år er det 100 år sidan Per Sivle døydde for eiga hand etter fleire tunge år. Per Sivle opplevde så mykje på sitt eige skinn at han visste kva som svir, kva som gler, og kva som slepper tårene laus. Han fekk prøve alt sjølv. Sivle har ord og dikt til dei som er i fest og høgtid. Han har mjuke ord til dei som står ved mor si grav. Han har ord òg klumsande forteljingar til born. Alt er oppbygd på ein slik måte at det "tek" tilhøyraren. Der set det seg fast i hausen, og der vert det verande. Språket til Per Sivle er utruleg rikt på ord og nyansar frå talemålet. For å bevare originaliteten og mangfaldet i dette levande målet er det i denne boka laga forklaringar til ord som i dag er lite brukte. Tekstane er dermed tilgjengelege for alle. Per Sivle gav ut to samlingar av Vossastubbar, i 1887 og i 1894. Sogor kom ut i 1887 og er av mange sett på som Sivles meisterverk. I september 2004 er det 100 år sidan Sivle døydde, og boka er vår markering av dette merkeåret. Føreordet er skrive av Jens Brekke, leiaren i Sivlelaget.
Les mer
Boka inneheld 21 forteljingar frå samlingane Vossastubba, Nye Vossastubbar og Soger. Språket er modernisert.
Forord av Gunnar Andreas Schei. Etterord av Jens Brekke

Produktdetaljer

ISBN
9788241903106
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad Bjørke
Vekt
313 gr
Høyde
211 mm
Bredde
135 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
169

Forfatter

Relaterte produkter