I øvste enden av Christies gate i Bergen tronar Wilhelm Frimann Koren Christie på støtta si, vakta av ei løve. Støtta vart reist av borgarane i byen til minne om ein av Bergens store søner. Wilhelm F.K. Christie (1778 1849) var stortingspresidenten som hadde ei stor del av æra for at Noreg fekk ei sjølvstendig stilling i unionen med Sverige. Denne boka følgjer Christie frå oppveksten i Kristiansund via studiar i København til ein karriere som framgangsrik embetsmann i Bergen. Han var ein del av den gamle embetsstanden, men blei ein viktig aktør for endring i 1814. Etter nokre år i rikspolitikken vigde Christie livet sitt til vitskapen. Han er mannen som i 1825 grunnla Bergen Museum, forløparen til Universitetet i Bergen. Presidenten er den første biografien om Wilhelm Frimann Koren Christie. Runar Jordåen (f. 1977) er historikar. Under arbeidet med biografien var han tilsett som forskar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen. Han er no førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245015850
Publisert
2014
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
814 gr
Høyde
220 mm
Bredde
150 mm
Dybde
39 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
500

Forfatter